Hels på nokre av geitene våre!

Vi har omlag 20 geiter som er klare for å pleie kulturlandskapet der du bur.
Vi har rolige kasjmirgeiter til utleige for beiting

Blåmann

Sjefen i flokken, men glad i kos.
En av våre geiter til utleie: Sjur

Sjur

Født i 2024, klar for utleige i 2025!
Ein av våre effektive krattryddarar, Bruse

Bruse

Ein av våre beste krattryddarar.

Slik virkar det

Gjennom Nofence-teknologien får vi kontroll på dyreflokken og beitene gjennom eit virituelt gjerde. Vi hentar og bringer geitene til avtalt tid, og fører tilsyn med dyra.

Digitalt gjerdesystem

NoFence er digitale gjerder. Vi teiknar opp beiteområdet i ein app. Geitene har klavar rundt halsen og gjennom lydsignal lærer geitene kvar det usynlege gjerdet er.

Enkelt og effektivt

Dette gjer det enkelt og effektivt å setje opp, gjerda akkurat der du ynskjer beitet skal vere. Alt dette ordnar vi i Rotevatn Geitelag.

Kontakt oss
Rotevatn Geitelag benytter NoFence-teknologi

Våre prisar

Prisane er oppgitt ekskludert merverdiavgift. Tre veker er minste leigeperiode, og minst fem geiter. Har du andre behov, ta kontakt!
døgnpris per geit
kr 55
Distansetillegg
per geit per døgn
+ kr 10
Kontakt oss
Vi står for fraktingen av geitene

Om Rotevatn Geitelag

Gardsbruka Ivergarden og Sjurgarden på Rotevatn i Volda driv geitelaget saman. Vi starta med geiter for å ta vare på eigne eigedomar. Raskt vart det klart at mange ville leige beitedyr for å ta vare på kulturlandskap, og vi byrja med utleige. Vi nyttar rolege, norske kasjmirgeiter frå «Friskare geiter»-oppdrett. Dyra er vande med folk og er lite rømmingsvillige, og syt for at kratt vert rydda på ein miljøvennleg og berekraftig måte.

Kontakt oss

Takk! Vi tar kontakt :)
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Rotevatn Geitelag
Utvikla av Advans Marketing - Eit kreativt markedsføringsbyrå i Ørsta/Volda og Molde